Film
«For eit oppkome av fikse idear! Eg diggar alt som kjem ramlande.»
Camilla Godø Krohn spelar hovudrolla som 18 år gamle Ebba i debutlangfilmen til Johanna Pyykkö. Radoslav Vladimirov spelar Vladimir, ein mann Ebba finn medvitslaus i hamna.
Foto: Ymer Media / Oslo Pictures / Eye
Knallgod dårleg idé
Johanna Pyykkö har teke eit høgst vellukka steg frå kort til lang.
Attenårige Ebba (Krohn) jobbar som vaskehjelp og bur i kjellaren til eit velståande par utanfor Oslo. Utanfor hamneområdet etter jobb finn ho ein forslått mann (Vladimirov) liggande på fortauet. Har har tydeleg mista hukommelsen. Kva er betre enn å ta han med seg heim og lata som han er kjærasten hennar?
Stakkar
Alt frå fyrste scene etablerer Ebba seg som kjipt misunneleg, der ho knabbar småsaker frå ei bursdagsfeiring i ein av kontorbygningane ho vaskar i. Det fortset opp i villaen som ho no skal passa på for sommaren, der ho ser bort mot ungdommane som har heimefest hos naboen – ei klam misunning som dei fleste kan ha kjent på, men som er så utiltalande observert at ingen vil vedkjenna seg det.
Ebba kjem frå fattigare kår sjølv, med oppvekst i blokk, hardtarbeidande mor og ei syster med Downs som ho ofte må ta seg av, utvilsamt eit slags klasseskilje frå nabolaget ho no bur i og gjerne vil høyra til.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.