Bok

For kronologisk om ein sta miljøjævel

Boka om Bellona-grunnleggjaren Frederic Hauge manglar kritisk distanse og analyse i møte med hovudpersonen og hendingane rundt han.

Som talsmann for Natur og Ungdom i 1985 sa Frederic Hauge, ifølgje Scanpix, at dei økonomiske tapa årleg ville vere på nærare 400 milliardar kroner dersom Nordsjøen, slik ein vesttysk rapport ymta om, ville vere biologisk død om 15–20 år.
Som talsmann for Natur og Ungdom i 1985 sa Frederic Hauge, ifølgje Scanpix, at dei økonomiske tapa årleg ville vere på nærare 400 milliardar kroner dersom Nordsjøen, slik ein vesttysk rapport ymta om, ville vere biologisk død om 15–20 år.
Publisert

Sidan Hauge tok til som ung miljøaktivist i 1983, er person- og samfunnsdramaa vovne saman i ei tidvis spektakulær historie. TV 2-journalisten Finn-Ove Hågensen har gjort eit solid arbeid med å dokumentere alt Hauge har vore med på, i boka Frederic Hauge. En sta jævel.

Gjennomgangen er ikkje utan interesse. Vi får vite korleis miljøkampen endra seg etter dei klassiske naturvernslaga i 1970-åra og i overgangen til 1980-åra. Og vi får sjå vegen Hauge har gått. Det byrja med kampen mot utslepp av gruveslam i Jøssingfjorden, ein kamp som varte i mange år. Her dokumenterer boka ein viktig eigenskap ved Hauge. Han er uthaldande, ein sta jævel som har overlevd 13 miljøstatsrådar og 17 olje- og energistatsrådar.

Den unge miljøvernaren skjønte også raskt at sakkunnskap var naudsynt for å gje kritikken tyngd. Han blei etter kvart ein effektiv lobbyist og premissleverandør for politikk og næringsliv. No ser han seg som etter ein industriell aktør med ambisjonar om å løyse miljøproblema.

Vi får innsyn i samarbeidet med gåvmilde sponsorar som har berga Bellona frå konkurs gong på gong. Vi blir også minte om at han var tidleg ute med å snakke om klimaproblem, elbilar og karbonfangst og -lagring. I tillegg får vi ei rad underhaldande historier. Ikkje minst i møte med Russland etter Sovjetunionens fall.

Medievennleg

Hauge og dei andre ungdommane var ikkje dei fyrste som lenka seg fast og var sivilt ulydige. Men dei var effektive og medievennlege aksjonistar. Dei hjelpte lokale krefter med å løfte til dels alvorlege miljøproblem høgare på dagsordenen. Deretter var det samarbeid eller krangling med den sitjande miljøvernministeren. Fekk dei det ikkje som dei ville, okkuperte dei like godt statsrådskontoret.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement