Film

For lite føleri

Gåsehudeffekten vik plassen for filmeffektar i Gladiator II.

Acacius (Pedro Pascal) og Hanno (Paul Mescal) i Gladiator II.
Acacius (Pedro Pascal) og Hanno (Paul Mescal) i Gladiator II.
Publisert

Romarane med general Acacius (Pascal) i spissen kjem og tek landet Nubidia, og ein av fangane som blir med tilbake til Roma, er Hanno (Mescal). Mange år har gått sidan gladiatoren Maximus døydde i Colosseum, og dottera Lucilla (Nielsen) til den dåverande keisar Marcus Aurelius, elskaren til Maximus, er no kona til general Acacius. Hanno sver at han skal hemna overtakinga av Nubidia og drapet på hans kjære Arishat ved å drepa Acacius. Men fyrst må han overleva slavelivet som gladiator og den sleipe slaveeigaren Macrinus (Washington).

Minimus

I filmen har det gått seksten år sidan Maximus (spelt av Russell Crowe) døydde. I røynda har det gått tjuefire år, overraskande lenge for eit Hollywood-apparat å mjølka ei suksessku som Gladiatoren (2000). Så er regissør og filmskapar Ridley Scott ikkje kven som helst, og under sitt eige produksjonsselskap Scott Free gjer han kanskje akkurat som han vil. Difor undrar eg meg over nokre av påfunna hans i ein film der publikum stiller med store forventningar. Det gjer i alle fall eg! Eg er ei av dei som såg fyrste Gladiatoren minst tre gonger på kino, som græt mine modige tårer over Maximus’ død, og som var litt forelska i ein fyr fordi han likna ørlitt på Russell Crowe. Ein skal ikkje sjå vekk frå at også den nye versjonen, som den førre, er mynta på eit kinopublikum som ikkje har fått over tjue år til å verta kritisk på. Det er klart at Gladiator II ikkje innfrir forventningane mine, utan at det betyr at han ikkje har gode kvalitetar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement