Bok
For nye lesarar
Illustrasjon: Lina Raknes
I bakrusen etter bokmessa i Frankfurt har vi fått ei hovudpine: Færre les bøker. Vi mistar lesarane. Dette er ikkje noko særnorsk fenomen, men der vi i Noreg rettar lesesatsingane mot skulane og institusjonane, er oppskrifta annleis i Tyskland: På helsestasjonen får alle foreldre bokpakkar på eittårskontrollen. Oppmodinga er klar til mor og far: Les til barnet ditt i eit kvarter, kvar dag. No går barneboksalet i Tyskland oppover.
Biografien om Ole Gunnar Solskjær svarar godt til ei slik oppmoding.
Boka toler både ein uerfaren høgtlesar og ein uerfaren lyttar. Historia har ei tydeleg, kronologisk oppbygging og ein tiltalande, lettfatteleg moral. Kjende detaljar frå legendariske kampar står side om side med ukjende fakta og forteljingar frå treningskvardagen. Guten hadde ikkje alle føresetnader for framgang, han måtte trene hardt og smart.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.