Bok
For ordens skuld
Lars Saabye Christensen tek den paranoide sjølvutslettinga under skrekkveldet på kornet.
I den nyaste romanen til Lars Saabye Christensen er stemninga i slekt med slikt ein finn døme på hjå Ismail Kadare og Uwe Tellkamp, skriv Odd W. Surén.I den nyaste romanen til Lars Saabye Christensen er stemninga i slekt med slikt ein finn døme på hjå Ismail Kadare og Uwe Tellkamp, skriv Odd W. Surén.
Foto: Hanna Kristin HjardarFoto: Hanna Kristin Hjardar
Roman
Om noko land skulle eigna seg perfekt for ein roman, må det sjølvsagt vera Romania. Ei slik lukkeleg lokalisering har Lars Saabye Christensen gjort i den nye romanen sin, sjølv om namnet Romania ikkje er å finna i boka. Ein ser likevel fort at det er der handlinga går føre seg, under skrekkveldet til Nicolae Ceauşescu, skomakaren som i romanen vert kalla Kapteinen og stundom Geniet frå Karpatane.
Kona hans vert kalla Mor, og forfattaren har gjort ho noko yngre enn originalen, og dessutan barnlaus, medan ho elles har attkjennande drag, som ei enorm samling skor (3000 par, omtrent som samlinga til Imelda Marcos) og ein mutt personlegdom som får meg til å tenkja at ho kan ha kjøpt dei skorne hjå Al Bundy.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.