Bok
For tidleg og for seint
Ketil Bjørnstad utforskar aldring og kjærleik.
Ketil Bjørnstad er pianist, komponist og forfattar innanfor fleire sjangrar.
Foto: Haakon Sand
Multitalentet Ketil Bjørnstad treng neppe nokon større presentasjon. Hovudpersonen i den siste romanen hans er ein soleklår kontrast til forfattaren: Den sjølvforaktande Ruben har skrive ei einaste bok for mange år sidan. Han karakteriserer seg sjølv og kvinna han elskar, som «to vrak av noen mennesker».
Livet er prega av mismot over tapte sjansar både profesjonelt og emosjonelt. Ruben levde med Helga i ti år, men dei glei frå kvarandre, og nye ti år har gått. Helga var ein evnerik kunstnar, men trefte aldri tidsånda. Ho er på veg inn i demensen og gøymer seg for verda. Ein kveld får Ruben likevel auge på henne i Frognerparken. Slumrande kjensler vaknar til liv. Kan dei få ein ny sjanse?
Utgangspunktet er krevjande. Det er ikkje måte på kor mange ulykker som råkar Ruben ved byrjinga av soga. Under ei nattevakt på hotellet der han er tilsett, døyr ein gjest. Ruben hadde handa på hjartestartaren utan å få han til. Han får difor status som mistenkt og blir oppsagd. Omtrent samstundes får han avskjed frå forleggaren som har engasjert han som manuslesar gjennom mange år. Like etter kjem endå ei oppseiing, no gjeld det husleigekontrakten. Som om dette ikkje skulle vere nok, får han noko som moglegvis er ein dødsdom frå legen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.