Musikk

Føreseieleg vellyd

På «Where the Sun Never Sleeps» viser trioen potensialet sitt.

Oddgeir Berg Trio spelar inn platene sine i det tyske selskapet Ozella Music.
Oddgeir Berg Trio spelar inn platene sine i det tyske selskapet Ozella Music.
Publisert

Talet på pianotrioinnspelingar innanfor eit vidt jazzomgrep som blir utgjevne no om dagen, er høgt. Mange av desse trioane har eit relativt stort publikum. Musikken har gjerne ein fellesnemnar i lyriske melodiar ofte innsveipte i ostinat i eit medium tempo. I dette landskapet er det ikkje lett å stikka seg ut. Det er langt mellom dei verkeleg banebrytande utgjevingane.

Oddgeir Berg Trio har dei siste seks åra gjeve ut platene sine på det tyske selskapet Ozella Music. Dette er den femte i rekkja, og med A Place Called Home plasserer trioen seg midt i denne moderne tradisjonen av velspelt vellyd.

Likevel stikk plata seg fram i mylderet fordi Berg skriv ein del særmerkte låtar som varierer i tempo og temperament. Dei jobbar fram fungerande arrangement som eg likevel tykkjer blir for dominerte av enkle ostinat, spesielt i venstrehanda til Berg. Handverket er solid nok. Det betaler seg å spela saman over tid.

Plata opnar oppskriftsmessig med den fengjande og folkemusikkinspirerte «Into the Mountains». Deretter følgjer fire låtar som trass i sine særmerke, manglar kontrast. Det siste får ein til overmål i den rocka «Hommage». Trioen er heilt nedpå i den vemodige Horace Silver-hyllinga «Song for My Mother», før dei skrur opp tempoet att i den latininspirerte «Happyness Is Where You Are».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement