Film
Formlar og fordomar
Mattegeni møter motstand og finn nye gleder i livet i variabelt drama.
Hovudrolleinnehavaren Ella Rumpf fekk den franske prisen som tilsvarar Oscar, for skodespelarprestasjonen i denne filmen.
Foto: Storytelling
Marguerite (Rumpf) er eit stortalent med ljos framtid som matematikkforskar. Ho er sosialt keitete. Når ho skal presentere den sentrale teorien for doktorgrada, kollapsar alt. Det meir omgjengelege skuleljoset Lucas (Frison) finn ein feil som øydelegg alt. Marguerite må starte på nytt, og rettleiaren (Darroussin) vil gje frå seg rolla.
Talentet sluttar tvert og vil heller betale tilbake stipendet. Ho flyttar inn hjå frilynte Noa (Bonny) og ser nye sider ved livet, medan mora og gamle kollegaar freistar få ho tilbake på det matematiske sporet. Kanskje mahjong i ei kinesisk bule kan hjelpe.
Flink eller fri
Ella Rumpf spelar hovudrolla bra, men er bunden av stivna idear frå regihald ved Anna Novion. Nerden har sjølvsagt briller. Rørslene er stive, mekaniske og effektive, og dette meistrar Rumpf til dei nervøst famlande fingerspissane.
Hestehalen er stram. Klisjeane blir endå tydelegare når ho blir kjend med Noa, som har stor afrosveis, ingen BH, og er fri i snakketøy og seksualitet. Ikkje sei at filmen skal følgje den nedtråkka stien «tilkneppa privilegert person lærer Livet å kjenne i møte med fascinerande framand skapning»? Jau.
L’école inférieur
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.