Musikk
Forrykande om Rotneims-Knut
Det nylaga teaterstykket om stordansaren Rotneims-Knut hausta ellevill applaus.
Rotneims-Knut og kona hans Margrethe, spela av Ådne Geicke Kolbjørnhus og Margit Myhr, gifta seg kring 1839.
Foto: Knut Utler / Folkorg
Storfelt dans, flott musikk og ikkje minst menneskeleg tragedie. Alt dette blir skildra i teaterstykket Rotneims-Knut som sist fredag blei urframført for eit fullt hus i den store idrettshallen på Gol. Stykket er eit skuleeksempel på korleis ein kan kombinera tradisjonsmusikk og -dans med ei gripande handling som har appell langt utover den harde kjernen i folkemusikkmiljøet.
Framsyninga Rotneims-Knut handlar om dansaren og slåstkjempa Knut Skaga frå bygda Rotneim mellom Gol og Ål i Hallingdal. Han var fødd i 1809, og då han var i militæret, dansa han for sjølvaste kongen av Sverige og Noreg. Slåtten han dansa til, vart seinare kalla opp etter han. I heimbygda var det ingen som kunne dansa som han, og særleg kjend var han for hallingkasta sine. Rotneims-Knut imponerte alle, ikkje minst dei unge jentene i bygda, men samstundes var han ærekjær og mykje av ein kranglefant som ofte hamna i vanskar.
Dømd til livstid
I 1839 var Knut om lag 30 år gamal. Livet hans såg ut til å ta ei meir fredeleg vending då han gifta seg med Margrethe Olsdatter Jorde. Men rett etter bryllaupet blei han tiltala for ei lang rekkje med brotsverk, mellom anna knivstikking og slåsting. At han kom i klammeri med presten i bygda, tala heller ikkje til hans fordel.
Knut vart dømd til å sitja på Akershus festning på livstid, men slapp ut etter berre nokre få år på grunn av god framferd. Ifylgje lokale forteljingar blei han oppsøkt av sjølvaste Ole Bull, som ville sjå han dansa. Rotneims-Knut klarte ikkje å dansa etter fiolinen til Ole Bull, og fyrst då ein lokal spelemann kom til med ein hardingfeleslått, synte Knut fram den dansen han var så vidgjeten for.
Ole Bull vart imponert, og han gav Rotneims-Knut tilbod om å vera med på turné for å syna fram ekte norsk bygdedans. Uklart av kva for årsak sa han nei til tilbodet. Heime i bygda klarte han ikkje å halda seg unna krangel og småkriminalitet, og livet hans enda tragisk i 1851.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.