Bok
Førsteklasses skrivekunst
Rachel Cusks andre bind i trilogien om Faye er den beste boka eg har lese i år.
Den andre boka i trilogien til Rachel Cusk er no komen på norsk.Den andre boka i trilogien til Rachel Cusk er no komen på norsk.
Foto: Siemon Scammel-KatzFoto: Siemon Scammel-Katz
Roman
Eg var begeistra då eg melde Rachel Cusks første bok i ein trilogi i januar i år. Då skreiv eg at eg håpa på å bli betre kjend med hovudpersonen i oppfølgaren, som no har kome ut på norsk. Eg har ikkje blitt så veldig mykje klokare på Faye, men eg er trur eg har blitt klokare elles, og om mogeleg enda meir begeistra for Rachel Cusk.
Monologar
Transitt er ein frittståande oppfølgar til Omriss. Tredjeboka, Kudos, er planlagt gitt ut på norsk til våren, mens heile trilogien er ute på engelsk.
På same måte som i førsteboka møter vi i Transitt nye personar i så godt som alle kapitla, og denne romanen består òg nesten berre av samtalar.
I Omriss opplevde eg samtalane med dei ulike personane som monologar; hovudpersonen slapp nesten ikkje til. I andreboka får vi høyre noko meir frå Faye. Men det er så lite at eg framleis ikkje er sikker på om ho som forteljar vel å halde igjen informasjon, om ho «klipper» vekk litt av det ho seier. Men kanskje er det faktisk mogeleg å treffe så mange menneske som berre snakkar om seg sjølv: «Jeg hadde, sa jeg, funnet ut mer ved å lytte enn jeg noen gang hadde trodd var mulig.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.