Bok
Frå den polske ordsyklonen
Bruno Schulz skriv fram overdådige draumetekstar der forma dikterer innhaldet
Bruno Schulz (1892–1942) blir rekna som ein av dei fremste polske forfattarane i det 20. hundreåret. Forutan nokre enkeltståande noveller, brev og kritikkar, gav han berre ut to verk. Ein del av forfattarskapen gjekk truleg tapt under andre verdskrigen.
Foto: Forum / Lebrecht
Av polsk modernistisk prosa er eg mest kjend med Witold Gombrowicz, og eg har vel tenk at han var eit særsyn med sin frodige stil, i grannelaget til surrealismen, men der lyt eg tru om att, for Bruno Schulz (1892–1942) er minst like så fantasifull, ordhag og merkverdig, slik den nye boka i klassikarserien til Skald Forlag, Kanelbutikkane og andre forteljingar, presenterer han. Boka inneheld også eit bonusspor, ei nyleg oppdaga novelle som Schulz skreiv under pseudonym i 1922.
Problematisk
Sjangernemninga forteljingar er problematisk av to årsaker, nemleg at Schulz ikkje skriv særleg forteljande, og at tekstane høyrer så tett til det same universet at ein like gjerne kan kalla boka ein modernistisk roman, men under lesinga tenkjer ein ikkje mykje på sjangeren, ein har nok med å få med seg det som vert skildra.
I mange av tekstane er det far til eg-personen, Jakob, som er den sentrale. Men denne fader Jakob er sjeldan særleg faderleg, men ofte farleg for seg sjølv, i eit uoversiktleg, stort husvære i ein like uoversiktleg by, der forfallet er tydeleg, det meste er innvikla, og alt er underleg. Jakob går nær sagt i oppløysing ved fleire høve, etter at ulike fascinasjonar tek overhand. Ei stund var det ruging av eksotiske fugleegg, like gjerne kondor som påfugl, der han sjølv vart til ein slags fugl, og seinare, om det då finst ein kronologi i verket, var det kakerlakkar som vart objekt for intens interesse, slik at han vart til ein kakerlakk, men denne metamorfosen var ikkje som for Gregor Samsa hjå Kafka, men eit resultat av ein lang prosess.
Mørke løyndomar
Huset der Jakob og mange andre bur, er også ei verksemd, konfeksjonshandel med dalstrok av mørke løyndomar innafor, ein stoffbutikk med attrå attåt, der systovegrisar drøymer seg bort i hampen og halmen og sjølve er i eit febersyn projisert på papiret av forfattaren, ein kvervelstorm av støv og støy, av lått og lyte, medan tida kakerlakkar og lir til alle kantar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.