Kunst

Framande – overalt

VENEZIA: Årets utgåve av Veneziabiennalen har som mål å løfte opp underrepresenterte kunstnarar og kunsthistorie. Lukkast dei med det?

Frå den nordiske paviljongen.
Frå den nordiske paviljongen.
Publisert

Kunstbiennalen i Venezia er den største mønstringa av samtidskunst i verda, og den eldste. Noko som gjer biennalen unik, er dei 29 nasjonale paviljongane som er bygde i Giardini-parken i den austlege tuppen av kanalbyen. Kvart av landa har bygd sin eigen paviljong, fleire av bygningane er over hundre år gamle, andre er langt nyare. Før vi går inn for å sjå på utstillingane, la oss stoppe litt utanfor.

Det er interessant å gå frå bygning til bygning og sjå korleis dei ulike nasjonane har ønskt å representere seg sjølve. Her er mykje bruk av søyler og inspirasjon frå renessansevillaer, andre har eit meir moderne uttrykk, som den finske frå 1956, teikna av Alvar Aalto. Den nyaste paviljongen har Australia. Etter ei kraftig ombygging i 2015 enda dei opp med ein omdiskutert lukka kvadratisk boks i svart granitt.

Den nordiske paviljongen, som Noreg eig saman med Sverige og Finland, står seg godt i dette selskapet. Den skarpskorne og enkle konstruksjonen som Sverre Fehn teikna i 1958, er framleis ein fryd å sjå på.

Nasjonale paviljongar

Sjølv om ingen andre nasjonar får lov til å bygge nytt i Venezia, har dei høve til å leige plass i andre delar av byen for å lage temporære paviljongar. I 1995 vart det enorme, nedlagde skipsverftet Arsenale teke i bruk.

Dei første åra eg besøkte Arsenale, var bygningane svært slitne. For kvart år vert dei gradvis meir oppussa og betre eigna for visningar. I tillegg er utstillingar spreidde over heile byen, i husvære, palass, kyrkjer og parkar. I år er det så mange som 86 nasjonale paviljongar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement