Musikk
Framifrå trioplate
Dag Arnesen har halde vareteljing.
Det nye albumet til Dag Arnesen innheld eigne komposisjonar.
Foto: Kay Berg / Mule Music
Mange har konstatert den sterke Oslo-slagsida i NRK-serien Jazzeventyret, og tydlegast av alt fråværet av bergensjazzen. Det var ikkje tilfeldig at dei to første platene på selskapet til Norsk forum, Odin, var med gitaristen Thorgeir Stubø frå Narvik og Dag Arnesen og bandet Ny bris frå Bergen. Dag Arnesen har med eit par års unnatak hatt base i Bergen, der han har vore ei sentral kraft i jazzlivet i byen. At det har vore sutlaust å koma seg på heimekampane til Brann, har sjølvsagt vore ein bonus.
På Ice Breaking er han attende i yndlingsformatet, trioen. Han lèt Grieg vera Grieg og konsentrerer seg om eigne låtar, både nye og gamle. Dei ni låtane er ein fargerik bukett som spenner frå lyriske balladar som «A Special Memory», «Podstrana» og «After Dinner» til Miles-hyllinga «Bim Bam Bom» med ein klar referanse til «It’s about That Time» og eit Tony Williams-aktig trommespel frå Skarbø.
Eit meir enn tydeleg bukk i retning Thelonius Monk finn ein i ein av mine favorittar, «That’s OK». Solopartiet i overgangen frå tema til improvisasjon har ein bergtakande rytmisk nerve, og 4/4-sekvensen mellom Thormodsæter og Skarbø er berre så passande.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.