Bok
Framsteg som tilbakesteg
Når vatnet stig, søkk den kollektive medkjensla.
I 2020 fekk Elin Anna Labba Augustprisen for beste sakprosabok, Herrene sendte oss hit, som handla om tvangsflyttinga av samar i Sverige.
Foto: Erik Abel
Ingá og mora Rávdná vekslar, som dei andre i den samiske landsbyen, mellom å bu i «sommarlandet» og «vinterlandet», alt etter årstida. Dei er eit nomadisk folk som følger reinen og lever i samsvar med naturressursar.
Når vi møter dei to og Rávdnás søster Ánne, kjem dei til sommarlandet og finn at bygda deira er sett under vatn. Kraftselskapet skal produsere straum og «gløymer» å informere dei som bur der, om at sjøen er demd opp.
Kontrastane talar
Den augustprisvinnande debutboka til Elin Anna Labba tar føre seg den massive kraftutbygginga i Sverige på 1900-talet. Romanen Dra ikke til havet er ikkje ei heroisk industrihistorie, men ei tragisk kostnadshistorie.
Ingá er ei lita jente når oppdemminga skjer, men mora og tanta hugsar førre gongen sjøen blei oppdemd. Som om det ikkje er nok med to gonger, skjer dette også ein tredje gong i løpet av romanen. Kvar gong stig sjøen, og dei må redde restane og begynne på nytt.
Romanen talar om eit pågåande overgrep mot urbefolkninga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.