Bok
Framtida er alltid uskriven
Boka Radical Uncertainty er lysande sakprosa om korleis framtida løyner seg attom eit slør av fåkunne.
President Barack Obama følgde med på aksjonen mot Osama bin Laden 1. mai 2011.
Foto: Pete Souza / AP / NTB scanpix
Du minnest sannsynlegvis fotografiet av president Obama og medarbeidarane hans i Det kvite huset medan dei fylgjer med på strøymde bilete og lyd frå militæroperasjonen som «tok ut» Osama bin Laden. Kor sikre var amerikanarane på at bin Laden heldt hus i bygningskomplekset som dei gjekk til åtak på? CIA hevda at det var 95 prosent sannsynleg at bin Laden var der. Dei fleste av rådgjevarane til presidenten trudde det var 80 prosent sikkert. Enkelte meinte sannsynet låg på mellom 30 og 40 prosent. Obama sjølv sa etterpå at alle desse prosenttala berre tilslørte kor gjennomstrøymande usikker avgjerdssituasjonen var. Til sjuande og sist gav han klårsignal til aksjonen vel vitande om at han tok ein stor sjanse.
Dette dømet på lesarvenlege avgjerdsprosessar er berre ei av ei mengd historier i boka Radical uncertainty. Decision-making for an unknowable future – over fascinerande 500 sider om uvisse, risiko og avgjerder krydra med anekdotar og sitat, tilvisingar til fag- og skjønnlitteratur, fotball og cricket, krig og kunst. Det nest siste kapittelet i boka byrjar elles med eit bibelsitat henta frå Paulus’ fyrste brev til korintarane (13:12): «For now we see through a glass, darkly». Forfattarane var inne på tanken om å nytta dei fire siste orda i setninga i boktittelen, men kom fram til at han vart for ugjennomsynleg, endå biletet er vasstett: Noko av framtida kan «sjåast», trass i alt. På norsk læt det same bibelordet, interessant nok, litt annleis: «For no ser me i ein spegel, i ei gåta». Den engelske omsetjinga ser i større grad framover i tid?
Odds og talfest sannsyn
Det er sosialøkonomane John Kay og Mervyn King som har skrive boka. Den sistnemnde er venteleg den mest namngjetne av dei. King var i ti år, frå 2003 til 2013, sentralbanksjef i Storbritannia og Nord-Irland. Dinest vart han adla. På papiret heiter han no Baron King of Lothbury.
Kay og King skriv at heilt sidan det 17. hundreåret har bruken av odds og talfesta sannsyn for ymse hendingar breitt om seg. Utgangspunktet var matematiske og statistiske analysar av ulike sjansespel, jamfør kron og mynt og rulett. På desse avgrensa områda var det meiningsfylt å rekna og tala i tal: Dei moglege utfalla er både kjende og klårt definerte, like eins sjansane for at dei (over tid) slår til. Men særskilt det økonomiske livet er annleis – meir særmerkt av radikal uvisse, meir prega av unike hendingar og fråvære av «underliggjande» naturlover og stabile mekanismar. Kva er sannsynet for ei (ny) global finanskrise om ti år? Svaret er openbert i det blå. Like usikkert er det korleis ho eventuelt kjem til å te seg.
Og Kay og King er særskilt kritiske til at økonomar i dag for det meste ser bort frå radikal uvisse og læst som om uvissa kan formast om til matematisk handterleg risiko – til noko som liknar på terningkast: kjende utfall med tilhøyrande sannsyn. Dei er ikkje minst skeptiske til gjeldande bankregulering dei siste tiåra. Sidan 1980-talet har Baselkomiteen for banktilsyn i Sveits vore det internasjonale samarbeidsorganet som i røynda har designa bankreguleringa i store delar av verda, inkludert EU og Noreg. Det er tankevekkjande å lesa komiteen verta omtala lett nedlatande som «flinke folk i Basel», og at desse har teke feil då dei trudde at uvisse kunne «handsamast» i form at talfesta sannsyn for ymse hendingar laust tufta på historiske røynsler. For røyndomen har vist korleis uføresette hendingar som får bankar til å gå over ende av di finansieringskjelder over natta tørkar inn, kan koma. Og kor sannsynleg var og er det vi opplever i skrivande stund?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.