Musikk
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Den tyske komponisten og kordirigenten Clytus Gottwald, som døydde i fjor, var spesialist på kormusikk frå 1900-talet. I omslagsteksten til Kammerchor Stuttgarts nye plate skriv han at korkomposisjonar – særleg dei for kor åleine – var lite påakta av komponistane i denne tida, noko han ville bøta på. For å utvida det seinromantiske og modernistiske kormusikkrepertoaret omarbeidde han nemleg ei rekkje komposisjonar som har orkester- eller klaverakkompagment, til reine a cappella-verk. Elleve av dei er med på dette albumet, der den renommerte kormannen Frieder Bernius dirigerer.
Kraftprestasjon
Det mest vågale arrangementet er «Im Abendrot» (spor 2), som er Gottwalds a cappella-omarbeiding av fjerdesatsen «Adagietto» frå Gustav Mahlers (1860–1911) femte symfoni. Det interessante ved versjonen på plata er at harpa, som spelar ei viktig rolle i originalen, er gjenintrodusert, noko som skaper eit uvanleg lydbilete. Dei konsonantfattige, langsamt flytande korstemmene får slik ei viss framdrift, og det er harpa som utgjer motoren.
Likevel er resultatet i overkant sukkersøtt. Men dirigenten Bernius skal ha ros for å klara å strekkja dei lange melodilinene til songarane utan tap av intensitet, og som praktisk korprestasjon er satsen ein durabel tour de force.
Støttehjul
Den einaste originalkomposisjonen på albumet er også den suverent beste: 150-årsjubilanten Arnold Schönbergs reine korverk Friede auf Erden, op. 13 (spor 1), som går for å vera det siste tonale stykket hans før han gav seg atonaliteten i vald. Schönberg har her tonesett eit juledikt av sveitsaren Conrad Ferdinand Meyer frå 1886. Opphaveleg omtalte han verket som «fredshymne», men då han hadde gjeve opp alle tankar om nokon evig fred etter fyrste verdskrigen, kalla han det heller «ein illusjon for blandakor».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.