Musikk
Frelsar på florentinsk
Händels Messias kom til kontinentet takka vera ein engelsk lord.
Lord George Nassau Clavering (til venstre) syner fram eit Rafael-måleri i Uffizi-galleria i Firenze. Utsnitt av måleri (ca. 1775) av Johan Zoffani.
Verknadshistoria til Georg Friedrich Händels (1685–1759) oratorium er eineståande, for dei står i ein ubroten framføringstradisjon frå dei blei komponerte og fram til i dag. Hjå andre barokkomponistar er det jo annleis. J.S. Bachs store kyrkjemusikkverk, til dømes, var gløymde i nesten hundre år før dei kom på konsertrepertoaret.
Spesielt interessant er verknadshistoria til Händels Messiah, HWV 56. Dette bibelske oratoriet, som blei urframført i Dublin i 1742, blei raskt til eit av dei oftast spelte korverka internasjonalt. Fyrsteframføringa på kontinentet kan me takka ein engelsk lord for. George Nassau Clavering, 3. jarl av Cowper (1738–1789), la i 1756 ut på den for hans stand obligatoriske grand tour gjennom Italia. Firenze skulle i utgangspunktet bli siste stopp på danningsreisa, noko det på sitt vis også blei. Han busette seg nemleg i byen, der han samla kunst og arrangerte konsertar og operaframføringar til sin døyande dag.
Il Messia
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.