Bok

Fridom på europeisk

Timothy Snyder får fram at fridomen har mange dimensjonar.

Timothy Snyder utforskar kva fridom er, i boka som kom på norsk i år.
Timothy Snyder utforskar kva fridom er, i boka som kom på norsk i år.
Publisert Sist oppdatert

«Presidenten er her.» Det gjer inntrykk å lese det Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa 25. februar 2022. Han var til stades i Kyiv, bokstaveleg og fysisk. Fridom var sanning, det var mot, det var å tale dei russiske løgnene om flukt midt imot. Ukrainarane kjempar no for å behalde fridomen.

«Fridom er ikkje berre fråvær av noko vondt, men at noko godt er til stades», fortel ei 85 år gammal ukrainsk kvinne. Huset hennar er øydelagt, men russarane har dratt. Dessverre er det framleis krig, fridomen for det ukrainske folket er ikkje sikra.

Tittelen Om frihet er ein typisk tittel for ei filosofibok. Det var det den amerikanske historikaren Timothy Snyder i utgangspunktet ville skrive, og det var det eg trudde eg skulle lese. Men i eit BBC-intervju fortel Snyder at han etter kvart bestemte seg for å ta med seg notata sine og reise til ulike stader der det vart snakka om fridom. For Snyder, som har skrive fleire bøker om Aust-Europa, Russland og Ukraina, og som kjenner landa godt, var det openbert at Ukraina var staden.

Negativ fridom

Føreordet er skrive på togturen han tok i september 2023 frå Kyiv til Dorohusk. Landet er i krig, og alle snakkar om fridom. Spørsmålet Snyder stiller, er: Kva består denne fridomen av? Korleis opplever ein den, og kva vil det seie å vere ufri?

Fridom i Ukraina handlar ikkje berre om å fjerne russarane, det Snyder kallar negativ fridom, men om å byggje eit samfunn. Det held ikkje berre å fjerne barrierar eller kaste russarane ut, Ein må sørgje for at samfunnet byggjer på ein positiv fridom. Isaiah Berlin, som var Snyders førelesar, skil mellom positiv fridom, fridom til, og negativ fridom, fridom frå. Bakarst i boka listar Snyder opp skilnadene, men poenget hans er at skiljet eigentleg ikkje er meiningsfylt. Fridom er begge delar. Og fridom er mange ting.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement