Teater
Fritt etter Shakespeare – på rutine
Ny vri på gammal travar glir ned, men overraskar ikkje.
Ensemblet på scenen i Shakespeare-komedien som tek for seg kvardagsmirakel, feilaktig identitet og dobbeltsyn.
Foto: Erik birkeland / Tingh
Regionteateret for Møre og Romsdal, Teatret Vårt i Molde, feirar 50-årsjubileum i haust. Til jubileumsframsyning har dei valt å invitere ein av gründerane, Kjetil Bang-Hansen, til å setje opp den same komedien han fekk opne teateret med i 1972, nemleg Tvillingene av Shakespeare.
Attpåtil er to av skodespelarane frå den gongen, Nils Vogt og Kirsten Hofseth, inviterte som gjester til å spele i sjølvsame komedie ein gong til, om enn ikkje i same roller som då. Det er eit tiltalande repertoarval, og sikkert populært for eit lokalt publikum med godt langtidsminne.
Forvikling og eventyr
Utfordringa med Shakespeares komediedramatikk er at dei fleste stykka er både forviklingsfarsar og poetiske eventyrspel, samstundes. Det er heller sjeldan vi ser framsyningar som meistrar denne balansen fullt ut. Utan å ha sett tolkinga til Bang-Hansen i 1972 skjøner vi likevel fort at dette ikkje er noka faksimileoppsetjing à la The Mousetrap, Agatha Christie-stykket som har gått 71 år i London.
Tvillingene er denne gongen ei effektiv, komprimert teaterhending i vår tids teaterspråk, både tekstleg og musikalsk ein gjennomført svingom mellom det tidlause og det lett gjenkjenneleg dagsaktuelle. Scenebiletet er ein liten dreiescene som syner eit antyda småbylandskap på framsida og nærast eit dokkehusmiljø på baksida. Assosiasjonane går faktisk fort til den standardiserte scenografien på Thorbjørn Egners Kardemomme by.
føreseieleg
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.