Teater
Fucking Åmål enno aktuell
At to jenter i ein svensk tettstad møtte hets då dei forelska seg i kvarandre, vekte oppsikt som film i 1999. Forteljinga er framleis aktuell.
Agnes (Johanne Veland Bakke) (t.v.) og Elin (Alba Veen Røe) forelskar seg i kvarandre.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Ein kunne vone at tjuefem år etter at den svenske filmen Fucking Åmål vart ein suksess, ville vi ha kome lenger i å godta at menneske får seg ein kjærast av same kjønn. Men mellom anna NRK-serien Oro jaska (Hold kjeft) som tok opp homofobi i eit samisk ungdomsmiljø sist haust, syner at vi har ein veg å gå til full godtaking av homofil kjærleik.
Lukas Moodyssons forteljing handlar om fjortenåringen Agnes som er innflyttar i bygda Åmål. Etter to år har ho enno ikkje fått seg vener. No går ryktet om at ho er lesbisk. Og jau, ho har forelska seg i jamgamle Elin, ei jente som vil tøffe seg i gjengen.
Ein dag tek Elin initiativ til å kysse Agnes berre på tull. Slik vert ryktet om den lesbiske legninga til Agnes stadfesta. Det Elin ikkje anar, er at ho sjølv blir forelska i jenta ho har lura til eit kyss. Det er ei sjokkerande erfaring å ta inn over seg for ei som går i eit miljø som definerer seg som heilt heterofilt.
Vellykka
Framsyninga på Rogaland Teater er svært vellykka. Regissør Bjørn Ravn Carlsen lukkast i å få dei unge skodespelarane til å halde eit høgt tempo med munnrappe replikkar. Dei ter seg på ein måte som verkar autentisk, både i korleis jenter slåst for å få merksemd hjå gutane, og korleis gutane prøver å vinne hjarto til jentene. Her er alles kamp mot alle. Kvar ein publikummar vil kjenne seg att frå då ein sjølv var ung og kjempa for å finne ein plass i hierarkiet.
Det som særleg grip, er spelet til hovudpersonane. Johanne Veland Bakke i rolla som Agnes er sint og sår om kvarandre, sint på foreldra som ikkje skjønar at ingen vil kome i bursdagen hennar – ho har jo ingen vener – og sår fordi andre ungdommar hånar henne på nådelaust vis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.