Fugleliv og daude
Boka til Martin Eggen er ein augeopnar som tilfører lesarane ny og høgst aktuell kunnskap.
Martin Eggen bur i Lofoten og er naturvernrådgivar i BirdLife Noreg.
Foto: Jon Olav Larsen
I midten av mai er tårnsiglarane tilbake i Noreg etter å ha floge mange tusen kilometer frå overvintringsplassane i det sørlege Afrika. Dei oppheld seg i lufta i opptil ti månader i strekk, det er berre i hekketida dei har kontakt med fast grunn. Ein tårnsiglar kan fange 10.000 insekt i døgeret, noko som svarar til eitt insekt per 6,8 sekund.
Slike forbløffande fakta er det mange av i Martin Eggens bok Uten fugler blir ikke livet det samme. Eggen er rådgjevar i fuglevernorganisasjonen BirdLife Noreg og har lang røynsle frå arbeid med miljøspørsmål. I boka skildrar Eggen fugleverda i all sin nyanserikdom, samstundes som han tydeleg får fram kor sårbar ho er.
På raudlista
40 prosent av fugleartane i Noreg står på Artsdatabankens raudliste over artar som står i fare for å forsvinne, mange av dei kjende og kjære songfuglar. Menneskelege inngrep, mellom anna moderne jordbruk og utbygging av infrastruktur, skaper biologiske ørkenar der det før var naturleg mangfald.
Blant dei mange andre årsakene til nedgang i fuglebestandane nemner Eggen virussjukdom. Det blir påvist fugleinfluensa hos stadig fleire villfuglarter i Noreg. Finnmark har hatt utbrot sidan byrjinga av juni og det er bekymring for korleis smitta kan spreie seg når mange fuglar trekkjer sørover til hausten.
Men det skjer også positive ting. Ein internasjonal avtale om at 30 prosent av naturen på land og til havs skal bli verna innan 2030, er underteikna av mange nasjonar, blant dei Noreg. Eggen har likevel låg tillit til at forvaltarar og politikarar har kunnskap og vilje til å gjennomføre tiltak i eit tempo som gjer miljømåla oppnåelege.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.