Film

Fugletank

Andrea Arnold er tilbake i britisk sosialrealisme med heilstøypt handverk og eit dryss magi.

Filmen følgjer tolv år gamle Bailey (Nykiya Adams) som veks opp i ein ustabil familie.
Publisert Sist oppdatert

Den tøffe tolvåringen Bailey (Adams) bur med faren Bug (Keoghan) og halvbroren Hunter (Buda) i eit røft strøk søraust i England. Kåken er kaotisk. Trappeoppgangen er nedsarva. Faren er ein kjekk villstyring som brått skal gifte seg med den nye kjærasten.

Å bu med mora ville vere verre. Bailey har ein pustepause i ei eng når snodige Bird (Rogowski) dukkar opp. Bailey går i forsvarsmodus mot den milde mannen, men ho er tvillaust fascinert.

Tungt liv

Nykiya Adams spelar Bailey med herleg uro. Barry Keoghan er sprelsk og artig, og det enigmatiske uttrykket til tyske Franz Rogowski passar mystiske Bird. Kameraet til Robbie Ryan flakkar rastlaust. Ryan blei nominert til Oscar for foto på Poor Things (2023) og The Favourite (2018). Det er inga overrasking at Bird ser særs bra ut. Iblanda opptak med mobilkamera bidreg til tidsbiletet.

Då Bird seier at det er ein fin dag, verkar det som Bailey knapt nok forstår kva det uttrykket inneber. Finst det gode dagar? Her dominerer tenåringsgraviditetar, rus, vald og generell misere i ei verd med bjeffande hundar, bråkete mopedar, knust glas, tagging inne og ute.

«Cameron fucks pigs» på veggen set tonen. Helten vår sit fast i sosialt elende. Ho gløttar på måsar og kråker. Biletet av fugl i bur er nærliggjande på grunn av tittelen og situasjonen til Bailey, men temaet er ikkje flukt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement