Film

Ful av nåde

Nyansane er glitrande og grumsete i dette vakre spenningsdramaet.

Filmen er basert på ein roman av Ermanno Rea frå 2016.
Filmen er basert på ein roman av Ermanno Rea frå 2016.
Publisert

Etter førti år i Nord-Afrika vender Felice (Favino) tilbake til barndomsriket sitt, Napoli, der han pleidde rasa rundt på motorsykkel med bestekompisen Oreste (Ragno). Han føler alt er heilt likt, men er det no eigentleg det?

Bydelen han forlét som ungdom, er totalt under støvelen til Camorra-mafiaen, men presten don Luigi (Di Leva) prøver å stå imot.

Mafiabrør

Mafiafilmar gjev meg høge skuldrer. Det kan liksom ikkje enda godt. All organisert kriminalitet er basert på frykt, makt og nåde der skruppellause individ tek seg av saka, og sjølv om særleg amerikanske mafiafilmar elskar å glorifisera med kjøtbollar, storfamilie og romantisk brorskap, så er det ingenting gloriøst med den ekte mafiaen. Verkeleg ikkje.

Forfattar og journalist Ermanno Rea er frå Napoli og prøver på ingen måte å kasta noko glans over Camorraen, som har regjert byen i eit par hundreår, og som har hardna betrakteleg til med narkohandel sidan åttitalet. Omtrent denne opptakten blir glimrande skildra i Nostalgia, med tilbakeblikk der Felice og Oreste, ragazzi, freser rundt i Napoli, kongar på haugen, med heile framtida liggande der, utan tanke for at det faktisk skulle koma til å handla om å bli den ekte kongen på haugen.

Bismillah

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement