Film

Fyllefest på FAU

Fedre & mødre er satire som gjer det lett å le når ein helst burde grina.

Piv og Ulrik prøver å bli ein del av foreldregruppa i den nye klassa til dottera.
Piv og Ulrik prøver å bli ein del av foreldregruppa i den nye klassa til dottera.
Publisert

Ekteparet Ulrik (Lohmann) og Piv (Greis-Rosenthal) lukkast endeleg med å få dottera inn på den prestisjetunge privatbarneskulen. Eitt av krava for å få plass er eigeninnsats frå foreldra – klassefestar, foreldremøte, hytteturar og kakebaking i lange banar. Og alt skal gjerast i fellesskap med dei andre foreldra på skulen og med velsigning av den allmektige rektoren.

Skrekkeleg

Eg skriv at det er komedie, men Fedre & mødre er eigentleg ein skrekkfilm. Fy flate for ein gjeng fæle folk! Eller er det berre slik foreldre flest er? Det anar meg at regissør Paprika Steen har observert eitt og hitt frå det verkelege livet, og det er ikkje pent.

Det er ein ekkelt sjølvtilfreds og egosentrisk gjeng som møter Ulrik og Piv. Som om dei er noko betre sjølve! Ingen slepp unna kritikk her, utanom ungane, som faktisk ikkje kan skuldast for å ha oppdrege foreldra sine til å bli sånne bortskjemde forvaksne skitungar.

Sjølv om mantraet er fellesskap, er det innlysande at alle er seg sjølv nærast, for ikkje å seia kloss nær sin eigen navle. Her er så mange variantar av «fæl» at det nesten bikkar over, og det er jo då du får komedie, heldigvis.

Myrsnipesyndromet

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement