Film

Gamal og ung

Jubilanten Berlinalen er ein festival for og med alle aldrar.

Karen Tygesen og Jette Søndergaard i den nyaste filmen til den danske regissøren Frelle Petersen. Foto: Rolf Konow
Publisert

Den vidgjetne filmfestivalen i Berlin feirar 75 år med tre norske regissørar på programmet. Debutanten Emilie Blichfeldt blandar komedie og skrekk i Den stygge stesøsteren, som snart kjem på kino. 

Dag Johan Haugerud rundar av trilogien sin med internasjonal premiere på den flotte Drømmer, som gjekk på kino i Noreg i haust, og legendariske Vibeke Løkkeberg gjev ein leksjon i filmhistorie med dokumentaren The Long Way to the Director’s Chair.

Eldrebølgja

Tematisk ser vi òg spreidd alder. Nokre av dei beste filmane handlar om omsorg for dei eldste og dei yngste. Danske Frelle Petersen har vist stor teft for realistisk drama med Onkel og Resten av livet. Handsaminga av heimepleie i den nye filmen hans, Hjem kære hjem, er djupt rørande. Jette Søndergaard er som vanleg suveren i hovudrolla.

Gabriel Mascaro frå Brasil tek noko av estetikken frå Guddommelig kjærlighet og Neon Bull vidare i sin nye dystopi O último azul (Den siste blå). Theresa er 77 år og skal bli send i «the wrinkle wagon» til ein koloni for dei gamle. Ho nektar å lytte til formyndarstaten i denne artige og vakre filmen. Vonleg kjem båe på kino.

Oppvekst

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement