Kunst

Gåter i stein

Kyrkjeeide-steinen vart funnen på slutten av 1800-talet og er teken vare på av Bergen universitetsmuseum. Originalen målte 120 x 45 x 6 cm.
Kyrkjeeide-steinen vart funnen på slutten av 1800-talet og er teken vare på av Bergen universitetsmuseum. Originalen målte 120 x 45 x 6 cm.
Publisert

Det er historisk sus over staden den store kvitmåla langkyrkja Nedstryn i Stryn står på. Her har kyrkjer vore reiste sidan 1200-talet, og arkeologiske utgravingar viser at også i førkristen tid var dette ein heilag stad. På sørsida rett utanfor gravplassen ligg eit synleg minne, nemleg ein kopi av Kyrkjeeide-steinen, som vart funnen her. Under steinen låg knoklar. Arkeologar meiner at dette kan vere eit gravminne for ei mektig kvinne.

Steinen er kjend for dei vakre og gåtefulle symbola som einkvan hogg inn ein gong for lenge sidan. Funnet er datert til bronsealderen (1700–500 f.Kr.) og er unikt, endåtil i heile Skandinavia.

Motiva er tolka som ein buktande orm, ein dolk, to øksar, tre krokar, ein sigd, ein kam, ringfigurar, ein trekant med frynser og to parallelle linjer.

Det er spennande å prøve å finne meining, ein bodskap i desse eldgamle teikna. Er det ein blome i midten – eller ei sol? Kva prøver dei å fortelje oss? Kan hende er dette avbildingar av dei gjenstandane som kvinna fekk med i grava? Liknande avbildingar av våpen finn vi på steinar frå område av det som i dag er Spania og Portugal. Ein hypotese er at denne kvinna kunne vere inngifta og tok med seg bildetradisjonar frå ein heimstad langt unna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement