Bok
Geopolitikk er tilbake
Øyvind Østerud viser at geopolitikk er ei viktig analyseramme.
Fyrst og fremst er geopolitikk eit studium av interessene til stormakter og dei lange linene i rivaliseringa mellom dei.
Geopolitikk søkjer å forklare åtferda til statar og statsleiarar ut frå geografiske forhold. Øyvind Østerud, professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og ein av Noregs mest allsidige veteranar i norsk samfunnsvitskap, har vore oppteken av geopolitikk i ein mannsalder. No har han skrive ei lita innføringsbok om emnet.
Denne læra er oppteken av ressursar, teknologi og lange historiske liner. Geopolitisk analyse legg vekt på korleis ressursane og klimaet som eit land er tildelt frå naturens side, formar samfunnet og økonomien til folket som bur der, korleis geografisk plassering legg til rette for transport, interesser, kultur og utsyn i eit folk, og korleis eit folk kan utvikle reiskapar og organisasjonsformer som endrar livsvilkåra deira – og korleis slike endringar skaper ringverknader i nabolaget: dei får andre folk til å reagere med samarbeid eller med frykt og motstand. Fyrst og fremst er geopolitikk eit studium av interessene til stormakter og dei lange linene i rivaliseringa mellom dei.
Geopolitikk var lenge uglesett. Tilnærminga var politisk ukorrekt i etterkrigstida. Men ho fekk ein renessanse etter at Sovjetunionen kollapsa, og etter at Kina stod fram som USAs viktigaste rival, både økonomisk, politisk og militært.
Barn av imperialismen
Læra var opphavleg eit barn av imperialismen. Geopolitisk analyse oppstod på slutten av 1800-talet blant ekspanderande stormakter i Vest. I Europa vart faget drive fram av britar og franskmenn som søkte å utvide og tryggje kolonivelda sine. I Nord-Amerika kom ein av geopolitikkens viktigaste impulsar på ei tid då USA var i kraftig endring av politisk integrasjon og økonomisk utvikling – og av draumar om å vere ei siviliserande stormakt i verda.
Eit av dei tidlegaste bidraga til geopolitikken blei utvikla av den amerikanske sjøoffiseren Alfred T. Mahan på 1870- og 1880-talet. Ideane hans inspirerte deretter europeiske akademikarar – og særleg geografane i kolonimaktene, som var redd for at faget deira skulle forfalle til eit reint kartografisk handverk, og som prøvde å gjere geografifaget til ein politisk relevant samfunnsvitskap.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.