Musikk
Gi meg eit boblebad, folkens
Har Wet Leg laga årets herlegaste plate?
Vi hadde ikkje andre ambisjonar enn å spele nokre tøysete songar, sa Hester Chambers til New York Times nyleg, her i fanget til kollega Rhian Teasdale.
Foto: Hollie Fernando / Domino Music
«I checked my phone/ and now I’m inside it», heiter det i ein av låtane på debutalbumet Wet Leg, frå duoen med same namn. «Oh No» skildrar ganske så presist korleis timane kan gå opp i luft med telefonen i hendene: «Oh no/ Suck the life from my eyes/ it feels nice/ I’m scrolling.»
Wet Leg er ei plate proppfull av slike observasjonar, framførte i uimotståelege, snertne rockelåtar med forgreiningar inn i new wave-musikken. Eg har lytta og nikka og ledd ein del over desse songane, som ganske treffsikkert får fram situasjonar og stemningar som er så altfor lette å kjenne att – til dømes når ein står der, på ein fest, og tenkjer: Kvifor er eg eigentleg her? «I don’t wanna follow you on the ’gram/ I don’t wanna listen to your band,/ I don’t know why I haven’t left yet,» heiter det i «Angelica».
Gitar og song
Chambers og Teasdale er begge i slutten av tjueåra, kjem frå Isle of Wight og spelar gitar og syng. Forteljinga om den bråe suksessen til Wet Leg er (i alle fall så langt) herleg usannsynleg, for det er ikkje mange band som får avtale med Domino Records basert på nokre få songar på ei privat SoundCloud-side, i alle fall ikkje om dei er milevis unna verdas musikkmetropolar.
Førstelåten «Chaise Lounge» har vorte avspelt ganske mange fleire gonger enn det Hester Chambers og Rhian Teasdale hadde drøymt om, og vart omfamna av alskens stjerner og radiovertar då han først dukka opp.
«Vi hadde ikkje ambisjonar om noko anna enn å spele nokre litt tøysete songar», sa Chambers for nokre veker sidan til New York Times, som etter ein konsert på Manhattan syntest det var kjekt til ei forandring å ha publikum i salen, for det hadde ho ikkje vore bortskjemd med før.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.