Bok
Gift og motgift
Sterk skildring av vald i nære relasjonar.
Ein gong vart Åse Ombustvedt vitne til ein urovekkande situasjon i ein matbutikk. Ein far greip hardt om kjeven til son sin, bikka hovudet hans bakover og tvinga guten til å møte blikket hans. Scena inspirerte henne til å skrive denne diktsamlinga.
Skal ein snakke om det vanskelege eller kapsle det inn og halde maska? Sjølv om temaet er vald i nære relasjonar, er den indre konflikten guten strir med, meir allmenn. I dikta finst ei oppriktig oppmoding om å setje ord på det ein strir med, same kva det er. Alle treng nokon å snakke med.
At faren slår, er underforstått, vi får aldri lese om valden. Heller ikkje i illustrasjonane er valdshaldningane utbroderte. Raseriet til faren vert heller tvillaust slått fast gjennom raude element i det svartkvite ansiktet. Djevelhorn, raude lyn frå augo og tårer av blod nedover kjakane gjev valden eit ansikt og peikar mot eit anna tema i tekstane: Kvifor slår faren? Fordi han sjølv vart slått. No har sonen lært seg å slå, han slår dei andre på skulen.
Arvesynda kveilar seg som ein giftslange gjennom generasjonane. Motgifta er ord og det å vere open.
Dikt for ungdom, står det på omslaget. Denne avgrensinga burde boka vore spart for. Forteljarstemma er rett nok truverdig i høve til målgruppa, men forma vil vere krevjande for mange. Korleis skal ein lese teksten? Som enkeltståande dikt? Som ei samanhengande historie? Kva har eigentleg hendt heime?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.