Film
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Ein tunnelbrann tek livet av kjærasten til Una. Det er berre det at han var på veg heim frå Reykjavík til bygda for å gjere det slutt med den førre kjærasten, Klara. Sistnemnde kjem til byen i sorg, utan å vite at Una ber same sorga. Vi følgjer vennegjengen dagen etter døden. Una kjenner ei særskild einsemd i fellesskapet.
Kjensler
Miljøet av unge kunststudentar taklar tapet kvar på sin måte. Alle har sitt eige forhold til vennen som gjekk bort for tidleg. Nerven i filmen ligg i korleis Una manøvrerer si eiga sorg saman med alle, men i skjul. Ho ser dei andre. Ho ser seg sjølv. Det krev mykje av skodespelar Elín Hall, og sanneleg leverer ho med ei massiv rolle.
Anten ho held att eller slepper laus, er mimikken perfekt. Kjenslene tyt ut av den tynne huda hennar. Una har slåande spinkel fysikk, tøff stil, og er sjølvsikker, men sårbar. Elín Hall blei nominert til ein Edda-pris for hovudrolla i Let Me Fall av Baldvin Zophoníasson i 2019. Rolla som Una vil bli ståande som ein triumf av eit internasjonalt gjennombrot. Heile ensemblet har truverdig ungdommeleg energi. Kontrasten og likskapen mellom Una og Klara er engasjerande emosjonelt og estetisk taktfull.
Fargar
Sophia Olsson står for glitrande foto. Det gjorde ho òg for same regissør med slåande tablå i Echo (2019) og ei anna taktilt vakker skildring av ungdom i Småfugler (2015). Med foto på fleire filmar for svenske Amanda Kernell og danske Andreas Koefoed er Olsson i eliten av kamerafolk i Norden. Filmtypen super 16 mm får fram fargane. Dei skin i skumring og solnedgang, og i det raudlege håret til Una. Elegant bruk av glas og speglar gjev gjenskin for kjenslene hennar. Arkitekturen spelar ei viktig rolle. Hallgrímskirkja med sakral korsong er stort. Musikken og stilla er sterke. «Odi et Amo» av Jóhann Jóhannsson er mektig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.