Kunst

Glede er eit aktivt val

Kva vil det seie å leve eit fullverdig liv? Amerikanske Emilie Louise Gossiaux (f. 1989) utfordrar fordommane våre gjennom ei varm, uvanleg og sterk utstilling.

«Kinship» er ei særs luftig utstilling.
«Kinship» er ei særs luftig utstilling.
Publisert

Dette er den første separatutstillinga Emilie Louise Gossiaux har i Europa. Her har kunsthallen gjort eit varp. Det heile kunne ha enda med ein sykkeltur. Det er ikkje mange som overlever møtet med ein 18-hjuls lastebil. Det var også på hengande håret, kroppen vart knust, fleire organ øydelagde, hjartet stoppa til og med. Legane diskuterte organdonasjon med mora då ho heilt uventa tok til å røre seg att.

Som ved eit under kom Gossiaux tilbake til livet, men synsnervane var så skadde at ho vart heilt blind. Likevel heldt ho fram med kunststudia, fann nye måtar å uttrykke seg på. Måtar som skulle gjere henne kjend. Utstillinga ved Kunsthall Trondheim er ei heilt spesiell utstilling, trass i at gjenstandane som vert viste fram, er både få og små. Det står nokre skulpturar her og der, eitt og anna bilete heng på veggen.

Faktisk hadde eg gått forbi dei store vindauga til Trondheim Kunsthall fleire gonger sidan utstillinga opna i september, kika likegyldig inn på dei gapande tomme salane. Frå utsida var det lite som freista. Ein dag gjekk vi inn likevel. Det er underleg kor annleis ei utstilling kan sjå ut på avstand enn når ein er inne i ho, og går frå verk og verk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement