Musikk
Glitrande triosamarbeid
Kven treng film når ein har slik filmmusikk?
Kjetil Husebø er komponist og pianist.
Foto: Jo Michael de Figueiredo
Komponisten og pianisten Kjetil Husebø frå Bergen, no busett i Oslo, har i ein knapp mannsalder jobba med prosjekt som sjangermessig er å finna innanfor ambient-inspirert samtidsmusikk i jazzens grenseland. Musikken til Husebø er ofte storslått og filmatisk. Platesamarbeidet med Arve Henriksen byrja med utgjevinga Sequential Stream (2022). Eivind Aarset kom med på lasset året etter, på plata Years of Ambiguity. Først med Emerging Narratives slår samarbeidet ut i full blom.
Dei tre har arbeidd med stoffet og innspelinga frå ulike studio i perioden frå april 2022 til november 2023. («Nohtronia» blei spelt inn i mai 2021.) Med ein slik arbeidsmåte blir komponering og innspeling ein pågåande prosess, der det endelege resultatet kan ha endra seg monaleg frå utgangspunktet. Musikken er såleis kreditert Husebø og Henriksen (3), Husebø og Aarset (2) eller alle tre (3).
Dei åtte låtane er ein suite som blir bunden saman av gjentakande kompositoriske grep, der trompeten framfører temaet på ei seng av elektroniske klangar. I nokre tilfelle tek gitaren trompeten sin plass. Musikken bevegar seg aldri i raske tempo, sjølv om han ikkje er utan puls og groove. Det meditative gjennomsyrer musikken.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.