Bok

God hjelp til å lesa Jon Fosse bok for bok

Det er klokt å ha Fyrebilsbibelen frå 1921 framføre seg når ein les bøkene til Jon Fosse.

Publisert

Jan H. Landro har nærlese bøkene til Jon Fosse over lang tid. I boka Jon Fosse. Enkelt og djupt tek han for seg Fosses romanar og forteljingar. Skodespel, lyrikk og fagprosa blir berre nemnde når desse kastar lys over romanane. Kvar roman blir drøfta for seg, kronologisk, med eit kapittel for kvar bok, frå Fosses første roman, Raudt, svart, i 1983, til den siste delen av sjubindsverket Septologien frå 2021.

Landro meiner at Septologien er «ei oppsummering av heile forfattarskapet» til no. Han set saman dei to Asle-figurane i verket som to utgåver av same person, men med ei spalting i det han kallar Asle I og Asle II, der omvendinga til katolsk lære skil den eine Asle frå den andre. Det er eit godt lesepedagogisk poeng.

Overskriftene til dei ulike kapitla i boka kan elles verke lite oppløftande. Overskrifta til kapittelet om romanen Raudt, svart er «Mot avgrunnen». Stengd gitar handlar om «Smerta i menneskelivet». Blod. Steinen er skildrar «Eit sinn i oppløysing», og Septologien samlar seg i overskrifta «På dødens terskel». Det er mykje mørker på ein gong!

Landro gir god hjelp til lesaren som tek for seg bok for bok. Tre gjennomgåande tema peiker seg likevel tydeleg ut i teksten hans. Det eine er korleis Fosse utviklar ein ny måte å skrive på. Det andre er Fosses teologi, slik han blir forma i romanane. Det tredje er Fosses fargelære, måtar han brukar måleri og kunsthistorie på.

Språk og skrivestil

Bak i boka står eit langt intervju som Landro har hatt med Fosse. Dette kan ein godt lese først. I intervjuet med Landro seier Fosse at han «set punktum når det kjennest rett og lèt det vera om det kjennest feil», presis slik alle i norsk skule får vite at dei ikkje skal gjere.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement