Musikk

Gode, gamle dagar

Ikkje heng deg opp i det som ein gong var, er rådet frå Courtney Marie Andrews.

Courtney Marie Andrews har gitt ut eit nytt album og kjem til Oslo til våren.
Courtney Marie Andrews har gitt ut eit nytt album og kjem til Oslo til våren.
Publisert

Det er dette som er dei gode gamle dagane, dei vi lever i her og no. Slik er bodskapen i det femte sporet på plata Courtney Marie Andrews kjem ut med i dag, titulert Loose Future. «Don’t let time slip away», syng trubaduren på «These are the good old days». For slik er jo farane med å bruke for mykje tid på å preike om gode, gamle dagar – brått mistar ein av syne det som er her og no, livet det av og til kan kjennest som ei gåve å vere midt i.

Rett fram

Det er klart at slik livsvisdom fort kan lyde platt innanfor rammene av ein liten låt på to–tre minutt, men så er altså Andrews ein av desse låtskrivarane som kan tore å driste seg til å prøve. Det er noko rett fram over tekstane hennar, dei små faktene i det ho gjer.

Når eg har sett fram til haustens utgiving, er det fordi eg har lytta ein del til både førre album, Old Flowers (2020) og dei som kom før, og oppdaga dei store kvalitetane hennar som artist. Songar som «If I told» (frå nett Old Flowers) og «Table for one» (frå Honest Life, 2016) vitnar om ei eiga evne til å skildre situasjonar og stemningar, og å halde igjen, med akkurat nok.

Éin fot i framtida, og éin i det som var – slik er spagaten det vert teikna eit bilete av i «These are the good old days», og fleire av låtane på denne plata nærmar seg, og reflekterer rundt, eit slikt sprik.

Tittelsporet, til dømes, sirklar inn ei «laus framtid», og med det meiner Andrews at ein gjer best i å ikkje tenkje seg i hel når ein ser framover – det er nok klokare å tenkje litt laust på det. Når påfølgjande låt, «Older now», reflekterer over kva det inneber å erkjenne at alderen stig, anar ein konturane av ein attgåande tematikk på Loose Future.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement