Musikk
Grått og keisamt
Bestion mislukkast i å modernisera Scarlatti og Dvořák.
Den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák (1841–1904).
Hjå den franske dirigenten Simon-Pierre Bestion skortar det korkje på ambisjon eller sjølvtillit: «Eg skjenkjer Scarlatti eit tredje liv!», hevdar han i innføringsteksten til dobbeltalbumet Stabat Mater. Dette inneheld to tonesetjingar av den mellomalderlege kyrkjehymnen Stabat mater, komponerte i høvesvis 1715 og 1877 av den italienske barokkomponisten Domenico Scarlatti (1685–1757) og den tsjekkiske nasjonalromantikaren Antonín Dvořák.
Innspelingar av to ulike tonesetjingar av same tekst er ikkje uvanleg. Men det spesielle ved Bestions prosjekt er for det fyrste at dei to verka er fletta saman med annankvar sats, og for det andre at Bestion har om-instrumentert musikken kraftig, ved å oppskalera den skrinne instrumenteringa til Scarlattis barokkmusikk og redusera Dvořáks romantiske orkestersats til berre klaver og strykarar.
Reinkarnasjon
Bestions påfunn er musikalsk underleg, og forklaringa hans i omslagsheftet gjer meg ikkje klokare: Det heile verkar som ein mislukka freistnad på å føra saman noko som slett ikkje har noko sams, bortsett frå teksten. Dirigentens grandiose vyar kjem til uttrykk i rein svada, formulert med nyreligiøs energi: «Tanken om at sjeler blir overførte til andre kroppar etter døden, basert på personlege, filosofiske eller kunstnarlege likskapar, eller jamvel livshistorier som attspeglar kvarandre, var ein avgjerande impuls for meg, ein reinkarnasjon av Scarlattis Stabat mater i Dvořáks verk, som ei attføding av den unge i den gamle.»
Bestion held fram med å forklara at han bestemte seg for å «binda dei to verka subtilt saman, ei samanbinding som er meir estetisk og metafysisk enn vitskapleg», for slik å prova at «dei kan vera eitt og det same». Men det er dei jo ikkje.
Mykje nonsens
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.