Bok

Grei skuring

Pappaklausulen er lett å lese og lett å gløyme.

Den prislønte svenske forfattaren Jonas Hassen Khemiri er omsett til meir enn 25 språk.
Den prislønte svenske forfattaren Jonas Hassen Khemiri er omsett til meir enn 25 språk.Den prislønte svenske forfattaren Jonas Hassen Khemiri er omsett til meir enn 25 språk.
Publisert

Roman

Det er gått nesten tre år sidan førre roman av Jonas Hassen Khemiri. Då var forfattaren godt etablert og kjend, òg for norske lesarar, men Alt jeg ikke husker blei eit større gjennombrot for svensken. Pappaklausulen kom på norsk og svensk same dag, og eg starta lesinga med enorme forventningar. Denne gongen blei eg dessverre skuffa.

Ein vanleg familie

Romanen går føre seg i Stockholm, der vi får forteljinga om ein familie frå fleire perspektiv. Dei som fortel mest, er ein far og ein vaksen son. Vi får aldri vite namna på personane, alle er nemnde med formuleringar som «en far som er en farfar» og «en kjæreste som er en mor». Namn på stader er ofte kamuflerte på same måte.

Eg les dette grepet som eit ønske om å få oss til å legge frå oss dei fleirkulturelle brillene. Det er berrsynleg at faren har eit anna namn enn medelsvensson, og at han kjem frå ein annan verdsdel. Men likevel: Dersom han heiter Abdullah og kjem frå Libya, eller Tunisia, slik som Khemiris eigen far gjer, er ikkje det det viktige her. I Stockholm er slike familiar like vanlege som alle andre. Kulturkrasjen blir heller eit krydder i denne historia, som handlar om ei rekke usympatiske figurar, deriblant ein forvirra småbarnsfar og ein bestefar med urimelege krav til omgivnadene. Alle slit med sitt: kjærleiken, barn og ikkje barn, familieband, identitet, kvardag og ikkje minst kvarandre.

Overflatisk lappeteppe

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement