Bok

Gripande barndomsskildring

Hauk er skriven med omtanke og bør lesast med omtanke.

Publisert

Hauk er i huset til bestemor og bestefar saman med storesystera Inga. Huset ligg heilt nede ved sjøen. I hagen veks det bringebær. Bak huset ligg skogen, og bak skogen ligg fjella. Bak fjella er pappa.

Hauk er hand i hand med storesøster, i robåten med bestefar eller i bestemors varme fang. Scenene etablerer ei nostalgisk, nærast tidlaus kjensle av ein barndom der rammene er trygge og idylliske.

Kontrastane vert desto meir verknadsfulle og vonde. Hauk er djupt fortvila, redd og etter kvart også sint. Han veit ikkje kvar pappa er, han veit heller ikkje kor tid han kjem att. Ingen kan svare når han spør.

Det finst ein særmerkt musikalitet i tekstane til Sivert Nesbø, I rytme og tone gjev setningane rom for det uhandgripelege ved situasjonen, slik Hauk opplever den. Sjølv om scenene skildrar konkrete gjeremål besteforeldra set i sving til trøyst, gjev framstillinga ei gripande kjensle av kor tungt uvissa kviler på dei små skuldrene.

Susanna Kajermos usedvanleg vakre blyantteikningar utdjupar denne kjensla. Alt frå sparsam, men effektfull fargebruk, til utsnitt, detaljar, perspektiv og portrett har noko nytt, men også nostalgisk ved seg. Alt verkar å vere skapt i medkjensle med Hauk: det trygge fanget til bestemor, den mjuke handa til storesøster.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement