Musikk

Grundig og godt tonalitetseksperiment

Grovens teoriar frå 1920-åra er realiserte som samtidsmusikk.

Publisert

Tonalitetsspørsmålet har lenge oppteke norske folkemusikkgranskarar. Mykje av denne teorien er matematisk basert og kan vera vanskeleg å skjøna, men det handlar om tonar som finst mellom dei vanlege halvtonetrinna i skalasystemet ein nyttar i konvensjonell notasjon. Naturtonar og overtonerekkjer er òg sentrale omgrep.

Dei stavangerbaserte musikarane Anders S. Hana og Morten Joh er mest kjende for alternative musikkformer som støyrock og frijazz, men her har dei dykka djupt ned i delar av folkemusikken. Det som særmerker prosjektet, er at det handlar om langt meir enn dei ofte overflatiske blandingane av folkemusikk og jazz/rock. Eit av dei få prosjekta som kan minna om dette, er Ola Snortheims (kjend som trommeslagar i De Press og Circus Modern) «Langsomt mot nord» frå 80-åra.

Dei musikalske ideane er praktiske utprøvingar av Grovens teoriar. Hana har lært seg å spela langeleik og munnharpe, som han nyttar i tillegg til ein modifisert gitar. Dei analoge synthane er dessutan stemte i samsvar med dei tradisjonelle instrumenta (og teoriane til Groven). I tillegg spelar Olav Christer Rossebø hardingfele og Kenneth Lien syng på kvar sitt spor.

Dei seks spora tek utgangspunkt i slåttar/songar frå folkemusikkarkiva. Av og til ligg melodien langt framme i lydbiletet, andre gonger er melodien spelt av i svært låg fart og kling meir uattkjenneleg. Det rytmiske elementet er sterkt til stades og tek utgangspunkt i trampinga i tradisjonell framføring, men det elektroniske lydbiletet gjev vel så sterke assosiasjonar til techno og annan klubbmusikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement