Film
Gud og kvarmann på børsen
Ein lyt sjølv syta for det skråe blikket om Dumb Money ikkje skal enda opp med å vera berre ein artig underhaldningsfilm.
Keith Gill (Paul Dano) styrer YouTube-kanalen sin frå kjellaren i huset han deler med kona og babyen.
Foto: Claire Folger / Sony Pictures
Omtrent parallelt med covid-19-pandemien skjer noko spektakulært på børsen i USA: Den nær konkursråka spelbutikkjeda GameStop får plutseleg ein haug med småkjøparar av aksjar, slik at storkaksane som har spekulert i å kjøpa opp såkalla short-aksjar, ser ut til å tapa alt. Frontfiguren for dette rare opprøret er Keith Gill (Dano) som styrer YouTube-kanalen sin frå kjellaren i huset han deler med kona og babyen. Børsen er ikkje førebudd på at spelet blir skipla av ein mann som kallar seg Roaring Kitty. Og eit spel er det utvilsamt.
Kittytalisme
Kunne timinga vore betre for denne filmen her til lands? Ektemennene til ministrane driv rundt som einmannskittiar med potane på datamaskina og gjer at dei fleste lyt spørja seg: Kva er greia med aksjehandel? Eg skal på ingen måte seia eg har god peiling. Sjeldan har eg følt meg så dum og uinformert som då eg såg The Big Short (2015) her om dagen. Når du googlar filmtittel pluss «what is the meaning of...», veit du at du ikkje har skjønt så mykje.
Etter Dumb Money føler eg meg mindre dum, men aksjar er ikkje for folk flest, uansett kor mykje filmen prøver å framstilla det som om framtidas demokratiseringskamp ligg på børsen. Kapitalisme i USA fortonar seg noko annleis enn her heime, og Bibelen står også sterkare, noko som kan forklara at alle vil bli rike. Dei audmjuke skal arva jorda, og berre dei er fattige i ånda, så får dei jaggu himmelriket med på kjøpet.
99 prosent
Likevel er det opplagt ei bibelsk samanlikning som gjer seg best i Dumb Money: David og Goliat. Og slike forteljingar er jo ofte god underhaldning der me veit kven me skal halda med. Ikkje eingong Goliat ville heia på Goliat hadde han sett filmen om seg sjølv. Hovud-David i filmen er verkeleg Keith Gill, alias Roaring Kitty alias Deep Fucking Value, mens dei andre Davidane, som Marcos som jobbar i ein GameStop-butikk, og Jennifer som er sjukepleiar (Ferrera), er oppdikta personar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.