Gurimalla, så klok og fin

Ola har noko han skulle ha sagt – det har han, og det får han.

Ola på verkstaden saman med kamerat og medarbeidar Lasse.
Ola på verkstaden saman med kamerat og medarbeidar Lasse.Ola på verkstaden saman med kamerat og medarbeidar Lasse.
Publisert

Dokumentar

Ola er ein tretti år gamal mann som bur i landsbyen Vidaråsen saman med 150 personar, nokre med funksjonshemmingar, nokre utan. Han skjønar at han har ein hjerneskade, at han kanskje ikkje fungerer heilt på eiga hand, men mest av alt skjønar han kor heldig han er som bur og arbeider der han gjer. Og så skjønar han kva det er å sakna nokon ein er glad i, når vedkomande ikkje lenger er der.

Funkar

Det er noko gjenkjenneleg med utgangspunktet her – livet på ein idyllisk institusjon, litt som den populære dokuserien på TVNorge for nokre år sidan om bebuarane i Tangerudbakken Borettslag. Men det kjem fort fram at dette er ikkje noka dokusåpe med tåre- og latterframkallande situasjonar, her stemmer tittelen på ekte – dette handlar om Ola, som verkeleg er ein heilt vanleg uvanleg fyr.

Og utan å seia noko som helst negativt om den ellevilt sjarmerande Tangerudbakken-gjengen, så vil eg seia at framstillinga av Ola og Vidaråsen er eit steg vidare for å inkludera funksjonshemma i debatten om likestilling og det å ha ei stemme blant «sine eigne». Klart ein blir jo aldeles glad i Ola, sjarmerande og tjomsleg som han er, men mest av alt veks det fram ein genuin respekt for han, for refleksjonane hans, for det å kjenna på utanforskapen og for å setja ord på det. Gurimalla og fytterakkarn så god han er, for å bruka hans eigne uttrykk.

Steiner, saks, papir

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement