Film

Hakeslepp og augepopping

The Substance er ekkelt underhaldande.

Demi Moore spelar den falmande filmstjerna Elisabeth Sparkle.
Demi Moore spelar den falmande filmstjerna Elisabeth Sparkle.
Publisert

Den fordums filmstjerna Elisabeth Sparkle (Moore) får fyken som gyminstruktør på TV, då TV-stasjonen og sjefen, ein sexistisk dritsekk ved namn Harvey (Quaid) etterlyser ei ung, pen dame til å overta.

På eit legebesøk får Elisabeth tips om eit stoff som kan skapa to utgåver av ein sjølv – ikkje metaforisk, men fysisk, annakvar veke – og den unge, pene Sue (Qualley) blir skapt. Slik kan ho behalda både jobben og det gamle livet sitt. Akkurat.

Trolling

Det er artig å prøva kategorisera The Substance – det er ikkje ofte skrekk og drama er så likevektige som dette. Men så er det ikkje ofte det kjem filmar som dette heller. Det er ein viss fordel om du har sansen for både body horror og surrealisme, for her får både sjokkrefleksane og hjernen køyrt seg.

Det er også ein underleg tilgjengeleg film – her er vakre menneske, ein slags teikneserieaktig estetikk som samtidig minner meg om filmane til John Waters, der Pink Flamingos (1972) er den mest kjende. The Substance er sjølvsagt langt meir påkosta og med kameratutstyr og teknologiske hjelpemiddel femti år meir moderne.

Utviklinga av det kroppslege går etter kvart over i nærast trollaktige skapningar, og uti filmen kunne eg sverja på det var performancekunstnaren Tori Wrånes som var hyra inn. Den leikne stilen gjer at det gufne og sprø blir langt lettare å tola enn om den var laga som rein skrekk. Det skrekkelegaste her skal kanskje vera kor langt eit menneske er villig til å gå for å halda seg populær og ettertrakta.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement