Film
Han er oppstaden!
Kor mykje oppstandelse The Crow klarar å vekka tretti år seinare, er eg mindre sikker på.
Bill Skarsgård spelar The Crow i ein ny og moderne versjon av den teikna romanen til James O’Barrs.
Foto: Nordisk Film Distribusjon
Etter eit ungt, hardt liv møter Eric (Skarsgård) den like skadeskotne Shelly (Twigs) på eit avrusingssenter. Dei stikk av, men fortida innhentar Shelly, og frå det hinsidige trugar, i kjøt og blod, Vincent Roeg (Huston).
Eric og Shelly har ikkje ein kjangs – men skal dei begge hamna i helvete, eller finst det liv etter døden?
Den gamle
Det er berre éin grunn til at eg – som ikkje er fan av verken hollywoodske actionfilmar, det overnaturlege eller overdriven vald – har lyst å sjå The Crow. Og den grunnen er The Crow (1994).
Då teikneserien til James O’Barr fyrste gong vart festa til lerretet, var det sonen til sjølvaste Bruce Lee som spela hovudrolla. Det tragiske som skjedde, var at Brandon Lee døydde i ei arbeidsulukke under innspelinga og aldri fekk sett det ferdige resultatet.
På midten av nittitalet florerte det mystiske teoriar om Lee tett knytt opp til rollefiguren, den enigmatiske, vakre og dystre Eric Raven. Det fall saman med og forsterka moglegvis goth-moten som breidde seg utover nittitalet, med mørk sminke, bleik hud og svart hår. Det blei uansett ein film du berre måtte sjå. Så det gjorde eg jo.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.