Bok

«Han har ikkje berre skifta namn fleire gonger, men også skifta kjønn og identitet»

Madame Nielsen går til kjensgjerningane om sitt eige liv og farens død og sit tilbake med ein rest som ikkje går opp.

Madame Nielsen har ein lang forfattarskap bak seg, først under namnet Claus Beck-Nielsen.
Madame Nielsen har ein lang forfattarskap bak seg, først under namnet Claus Beck-Nielsen.
Publisert Sist oppdatert

Å skrive under psevdonym er eit nokså vanleg grep i litteraturen frå langt tilbake, men ingen har trekt dette lenger enn danske Claus Beck-Nielsen (f. 1963), som i dag skriv under namnet Madame Nielsen. Han har ikkje berre skifta namn fleire gonger, men også skifta kjønn og identitet. Han opptrer no offentleg som kvinne etter at Claus Beck-Nielsen blei erklært død og gravlagd i 2001. Forfattarskapen vidare blir forvalta av institusjonen Das Beckwerk.

Denne iscenesetjinga av seg sjølv har forfattaren drive med i fleire tiår med ulike identitetar som glir inn og ut av ein performativ biografisme, der fiksjon og fakta blir blanda i forfattarens eigen fantasi og slik framstår som ei utvida forståing av det verkelege.

Pelikanen Forlag i Stavanger har fanga opp dette forfattarskapet og gir no ut Kvartett til tidens ende, fire romanar samla i to band, det første rett før jul, det andre i februar 2024. Frå før har Pelikanen mellom 2015 og 2021 gitt ut fem romanar av Madame Nielsen, mens Forlaget Oktober i 2006 gav ut den posthume biografien Claus Beck-Nielsen 1963–2001, skriven av Helge Bille, som igjen er eit psevdonym brukt av Claus Beck-Nielsen.

Reine fakta

Utgangspunktet for Kvartett til tidens ende er at forfattaren, eg-forteljaren, har nådd eit punkt der hans eller hennar liv er i hendene til andre: «Man har ikke lenger kontroll over sin egen biografi.» Som motvekt vil forteljaren «skrive denne boken, som utelukkende skal bestå av kjensgjerninger om mitt liv og dermed meg selv», og første bok i kvartetten har tittelen Kjensgjerninger. Kjennsgjerningane er reine fakta, dokument, adresser, årstal, rekneskapar, alt som lèt seg etterprøve og kontrollere, mens alt anna «kan bare være løgn». Eller verre: «autofiksjon».

Likevel er det noko som ikkje kan klassifiserast som kjensgjerningar, og her viser forteljaren til mormora, som døydde 28. november 1989, og morfaren, som døydde «nyttårsnatt 1989, sikkert av sorg eller tomheten hun hadde etterlatt seg, men det er ingen kjensgjerning, sorgen er bare en formodning, tomhetens poesi».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement