Film
«Har du illusjonar om politikk og politikarar, vil Soundtrack to a Coup D’Etat drepe dei effektivt på 150 minutt.»
Fleire jazzmusikarar i USA mislikte at amerikansk UD nytta dei som «ambassadørar» i Afrika for å få merksemda vekk frå det dei dreiv med.
Foto frå filmen
Glimt frå den 25. filmfestivalen
Den 25. utgåva av Bergen internasjonale filmfestival er gjennomført. Blant dei over 120 filmane publikum har kunna velja mellom, presenterer vi tre som kvar på sitt vis fortel noko om føresetnadane for verda og tida vi lever i.
Hausten 1960 heldt USAs president Eisenhower ei tale i FN. Der streka han under at dei nye statane i Afrika, som nett hadde blitt uavhengige frå grådige europeiske kolonimakter, måtte få byggje seg opp utan innblanding frå andre land. Især gjaldt dette Den demokratiske republikken Kongo, som Belgia hadde utbytt på det grøvste. Det han ikkje nemnde, var at han helst såg republikkens første demokratisk valde statsminister Patrice Lumumba rydda av vegen. Få månader seinare var jobben gjord og Lumumba myrda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.