Film

Hard humor, mjuke tårar

Det er lenge sidan eg har gråte og ledd så mykje på same tid gjennom ein TV-serie.

Ben Whishaw i rolla som legen Max Adam.
Ben Whishaw i rolla som legen Max Adam.Ben Whishaw i rolla som legen Max Adam.
Publisert

Drama, komedie

Adam (Whishaw) jobbar som lege i spesialisering på ei fødeavdeling. I tillegg til å halsa frå rom til rom brukar han mykje energi på å gjera livet surt for den ferske turnuslegen Shruti (Mod) og den i utgangspunktet tolmodige sambuaren sin, Harry (Byrne).

Simultanføling

Velferdsstaten Storbritannia byr på gratis helsehjelp for alle, men NHS (National Health Service) har ikkje spesielt godt rykte på seg, verken blant pasientar eller blant tilsette. Handlinga i This Is Going to Hurt er frå 2006, då new public management gjorde sitt inntog på lite heldig vis. Dei overarbeidde tilsette lyt ta kurs i å læra seg å seia klient i staden for pasient, medan «klientane» hopar seg opp på shabby venterom.

Det er kanskje ikkje rart at stemninga ikkje står i det sjuskete taket, heller ikkje i This Is Going to Hurt. Den kaustiske dialogen får meg til å krympa meg – kostar det noko å vera litt hyggeleg med kollegaen din, liksom? Men alt kostar i helsevesenet, inkludert komplimenta.

Serieskaparen Adam Kay har basert handlinga på si eiga tid som nesten ferdig lege, så får eg berre håpa han overdriv om enkelte saker. Dei sviande kommentarane vekker ofte høglydt, langvarig latter hjå meg, som så gjerne går over til høge grinebekkar i augo som eg berre må la renna over til slutt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement