Hauge-dagbøkene: 23. januar 1965

Publisert

Det slær ein når ein les Stagnelius kor stort spenn hans ånd hadde, og kor djerv boge han gjorde, og det i sitt stutte liv. Dei største spursmål eit menneske kan møta, såg han modig i augo. Um han løyste dei, kan eg ikkje segja noko um, han laut vel finna seg i å forsona seg med den umogelege lagnaden, han som andre.

Han kjende tidleg «den svarta orons dämon som följer allas ljåt». Her liknar han Nerval og Baudelaire. Frå ungdomen påverka av kristendomen, og seinare ved studiar av gnosticismen og urkristendomen og mystikarane fram gjenom tidene, stod han til slutt, som mange andre, framfor spursmålet um ikkje heile religionen og metafysikken i grunnen var eit svik, draumar bygde av ei fortvila ætt.

Det er beisk røynsle og tunge stunder. Og eit einsleg menneske stend truga av åndeleg død. «– – denne oplevelsen er menneskeåndens Gethsemane, innvielsen til den fullkomne ensomhet og forlatthet, til den tilstand da enhver fadertanke og opphavstro virkelig har forlatt oss, da vissheten om et hjem også for sjelen og ånden i oss virkelig er utslettet,» skriv Brynhildsen i essayet um Stagnelius.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement