Frå eg var student på 1980-talet og gjennom eit heilt arbeidsliv har eg heile tida støytt på denne tyske filosofen, men først og fremst som inspirator eller motspelar til andre filosofar.
Marx er utenkjeleg utan Hegel, men ville snu han opp ned. Kierkegaard har eit spark til Hegels store syntesar på annakvar side. Den kulturkonservative Gadamer snakkar heile tida med Hegel i sin hermeneutikk, og den radikale Theodor W. Adorno formulerer samfunnskritikken sin som ein anerkjennande kritikk av nettopp Hegel. I Noreg har så ulike folk som Hans Skjervheim og Jon Elster brukt, tolka og kritisert Hegel.
Men hans eigne tekstar er svært krevjande, og eg er neppe den einaste som har slått hovudet mot den omgrepstunge prosaen hans. Så kjem det ei bok frå ein filosof tidleg i trettiåra som ikkje berre forklarer på ein enkel og forståeleg måte dei viktigaste omgrepa til Hegel, men viser kva dei kan brukast til i dag.
I 18 kapittel går han gjennom Hegels filosofi, men berre fire tek utgangspunkt i hegelske omgrep (anerkjenning, ånd, historie, fridom). Resten av kapitla presenterer den tyske filosofen ved å analysera moderne tilstandar og fenomen med hans reiskapar. Det spenner frå fenomen som velferdsstat, psykiatri og kjærleik til smarttelefonar og feminisme.
Og då verkar denne tenkjaren frå første halvdel av 1800-talet aktuell – og nesten enkel, som undertittelen signaliserer. Det er demonstrasjonen av relevansen av dei hegelianske omgrepa som gjer boka til eit pedagogisk meisterstykke, og analysane av samtida er skarpsindige og viktige.
Fridomsomgrepet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.