Heidenske heltinner
Camerata Köln framfører Telemanns fem antikke kvinneportrett.
Det tyske ensemblet Camerata Köln.
Foto: Sven Cichowicz
I sjølvbiografien sin frå 1718 presiserte Georg Philipp Telemann (1681–1767) kor viktig det er å skriva idiomatisk for ulike instrument. Om ein komponerer musikken likeins for orgel som for tverrfløyte, til dømes, vil resultatet ikkje berre bli vanskeleg å spela for utøvaren. Det karakteristiske ved klangen til dei einskilde instrumenta vil heller ikkje koma skikkeleg fram. Men sjølv om han var god til å skriva idiomatisk – han skal ha kunna hanskast med mest alle instrumenta i samtida – var han òg god til å komponera stykke som høver like godt på mange ulike instrument.
Skarp tunge
Døme på kammermusikk der utøvarane sjølv kan velja instrumenttype, men det likevel kling som om musikken er mynta på akkurat dette instrumentet, finn me på Camerata Kölns nye Telemann-album Six Quatuors ou Trios. Musikarane spelar her friskt og frydefullt, og den avvekslingsrike instrumentasjonen gjer lyttinga til ein fest.
Spesielt fint kjem den fargerike instrumentbruken fram i det siste verket på plata, som trass i den sterile tittelen Introduzione a tre (introduksjon for tre) er som ein liten opera. Etter ein innleiande ouverture gjev Telemann oss nemleg ei rekkje med fem instrumentale karakterportrett av kjende kvinner frå antikken.
Fyrst ut er Xantippe («Presto», spor 25). Denne stridslystne og skarptunga kona til Sokrates blir skildra i rustikt galopperande rytmar, kanskje sidan «xantippe» tyder blond hest på gresk. Så kjem Lucretia («Largo», spor 26), den romerske kvinna som gjorde sjølvmord etter å ha blitt valdteken av kongssonen Sextus Tarquinius, noko som førte til at kongane blei jaga frå Roma. Den tragiske lagnaden hennar blir av Telemann skildra med den langsame, høgverdig skridande dansen «sarabande».
Aeneas’ svik
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.