Musikk
Heilskapen imponerer
Susanna og Juhani Silvola blandar det akustiske og elektroniske på beste vis.
Susanna feirar 20 år som artist med eit nytt album.
Foto: Ida Fiskaa
Susanna feirar 20-årsjubileum som artist med ti nye låtar og sjølvskrivne tekstar. Ho har lagt bak seg nokre år der ho i stor grad har tonesett dikt av Charles Baudelaire, framført dette på konsert og gjeve ut tre plater med materialet. Meditations on Love er ein treffande tittel. Uansett tekstleg motiv og tematikk er uttrykket prega av ei meditativ grunnstemning.
I 2011 gav ho ut albumet Jeg vil hjem til menneskene, der ho sette tonar til dikt av Gunvor Hofmo. Etter mitt syn er dette den beste plata Susanna har gjeve ut så langt. Meditations on Love har eit klart slektskap til denne utgjevinga, først og fremst med den gjennomgåande melankolien, men også ved at Susanna som Hofmo er fascinert av mørkeret og natta både konkret og i overført tyding. Tydelegast kjem dette fram i «Black Heart», men også i den repetitive «Where Has The Love Gone».
Musikken er melodisk, om ikkje i ein tradisjonell songleg forstand. Både tekst og musikk er prega av repetisjonar der minimalistiske endringar blir lagde inn og skapar ny meining. Det transparente lydbiletet er prega av ei fin avstemming mellom dei akustiske og dei elektroniske delane av instrumentariet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.