Musikk
Heimen, før og etter
Regina Spektor slapp å betale då Gud tok henne med på bar.
Regina Spektor vaks opp i Moskva og lærte å spele klassisk piano.
Foto: Shervin Lainez
Det er på veg heim ein sein kveld, forbi barane og dei nattopne kioskane, at forteljaren i «Becoming All Alone», opningssongen på Regina Spektors nye album, får ein førespurnad frå ingen ringare enn Gud, som vil ta ein øl og slå av ein prat. «And we didn’t even have to pay», heiter det vidare, «because God is God and he’s revered».
Kanskje høyrest dette rølpete ut, men det er det ikkje, altså – eg vil tvert om seie at det dreier seg om ein låt som er avvæpnande djupsindig og underfundig, og som om ikkje det er nok, er han skrudd saman på ein måte som gjer at ein berre må lytte igjen og igjen. Det vert heller ikkje verre av at Spektor porsjonerer ut nokre små orkestrale Rachmaninov-aktige dropar som passar perfekt til songens miks av eksistensielt alvor og avvæpnande humor.
Dramatisk struktur
Ein amerikansk forfattar eg kjenner, tok til å spekulere i sosiale medium om teksten er ein refleksjon over Martin Heideggers filosofi, men det skal vi la ligge her. Saka er at smakebitane som har følgt, har gjort både meg og andre berre meir og meir nyfikne på kva for slags plate Home, Before and After, som er ute i dag, er. Ein song som «Up the Mountain» liknar ei kinesisk øskje, der kvar fabel opnar seg inn i ein ny fabel – og viser korleis Spektor nærast tenkjer dramatisk struktur når ho komponerer, med folkeeventyrlege element som vert styrkte av melodi og orkestrering.
Spektor (42) er russisk-amerikansk og vaks opp i Moskva, der ho lærte å spele piano og gjorde seg kjend med både den klassiske musikktradisjonen og populærmusikken. Den jødiske familien hennar forlét Sovjetunionen i 1989, då dei reiste til Austerrike og så Italia, før dei kom til USA som flyktningar, og busette seg i bydelen Bronx i New York. Der heldt Spektor fram med å spele piano i kjellaren i den lokale synagogen, før ho tok til med studium i dette instrumentet og etter kvart i komposisjon. Sidan tidleg på 2000-talet har ho vore ein del av musikklivet i byen.
Sofistikert
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.